Vi veit at mange slit med seksuelle problem. Så mange som 10 % av kvinnene og mennene her i landet seier dei har eller har hatt problem dei har trengt profesjonell hjelp med.
Eigen seksualitet er ofte vanskeleg å prate om. Problem kan vera knytt til vonde kjensler som skuld og skam, noko som gjer det vanskeleg å ta opp.
Sexologiske rådgjevarar er spesielt utdanna til å møte problem innan det seksuelle området.
Vi er vant med å samtale om og forstå seksuelle tema og problem, noko som kan gjera situasjonen lettare også for den det gjeld.
Å samtale, bli lytta til og forstått, kan vera det første steget til ei god løysing på problema dine.
Sexologiske rådgjevarar er også spesielt utdanna til å samtale om korleis du får eit enda betre sex - liv. Ein treng ikkje ha det dårleg for å få det enda betre.