Forside | Om sexologi | Råd for de og me | Ta kontakt

     

    Sexologisk rådgjeving kan vera:

    Samtale eller rådgjeving om spørsmål, undringar og problem som er knytt til seksualitet og eller kjønn hos enkeltpersonar eller par.

    Tema kan variere og er mangfaldige:

    * Manglande lyst og/eller evne

    * Problem knytt til alder eller sjukdom

    * Spørsmål om kjønnsidentitet.

    * Spesielle tenningsmønster, t.d uvanlege tankar eller lyster.

    * Spørsmål om orientering, homofobi & heterosexisme.

    * Seksuelle overgrep - bearbeiding
    * Smerter under samleie
    * Vanskar med kommunikasjonen
    * Ønskje om eit betre sex -liv


    Vi veit at mange slit med seksuelle problem. Så mange som 10 % av kvinnene og mennene her i landet seier dei har eller har hatt problem dei har trengt profesjonell hjelp med.

    Eigen seksualitet er ofte vanskeleg å prate om. Problem kan vera knytt til vonde kjensler som skuld og skam, noko som gjer det vanskeleg å ta opp.

    Sexologiske rådgjevarar er spesielt utdanna til å møte problem innan det seksuelle området.

    Vi er vant med å samtale om og forstå seksuelle tema og problem, noko som kan gjera situasjonen lettare også for den det gjeld.

    Å samtale, bli lytta til og forstått, kan vera det første steget til ei god løysing på problema dine. 

    Sexologiske rådgjevarar er også spesielt utdanna til å samtale om korleis du får eit enda betre sex - liv. Ein treng ikkje ha det dårleg for å få det enda betre.

Sexologisk Rådgjeving - Ellinor Larsdotter Svisdal - TLF: 997 42 498 - sexologi@oppdal.com